Beklager, tekniske problem
Kalenderen, som har vore motoren i denne oversikten, blei ved eit tilfelle oversvømt av informasjon som ikkje var relatert til kristenlivet i Gloppen, og problema var ikkje enkle å rette opp. Einaste løysning var å slette kalenderen. Sidan kristenigloppen.no blei oppretta, har dei fleste kyrkjer og organisasjonar gått over frå å publisere aktivitetane berre på papir, til å bruke nettstader og sosiale media. Dermed er kanskje behovet for ei side som dette blitt noko mindre. Dersom du savnar denne oversikten, kan du kontakte Andreas Tjomsland og seie frå, så blir det gjort ei endeleg vurdering til hausten igjen.

Mobilvisning fiksa

Dersom du har vore innom denne kalendaren frå mobil og tenkt at oppsettet var håplaust, så har du hatt rett. No skal mobilmalen vere betre, slik at berre det viktigaste er synleg. Lag eit bokmerke på smarttelefonen din til kristenigloppen.no, så kan du halde oversikten på mobilen.

Aktivt kristenliv

Her på kristenigloppen.no er det lett å følgje med på det som skjer kring i kyrkjene og forsamlingslokala i Gloppen. Alle hendingar er kopla opp mot kartkoordinater slik at du kan finne fram sjølv om du ikkje har vore i lokalet tidlegare. Eit godt tips er å abonnere på kalenderen, og så ha kalenderen lett tilgjengeleg på telefonen din. Då er det lett å hugse på kva som skjer.

 Når alle hendingane blir fylt inn for hausten ser vi etter kvart at det skjer noko nesten kvar dag. Bruk denne sida til å sjå kva dei andre kristne driv med, slik at vi kan vere greiner på same vintre og arbeide saman for vekst og liv i kristenlivet i Gloppen!

Send epost om du har ein eller fleire aktivitetar som burde vore på kalenderen.

Oversikt over kristenlivet i Gloppen

Denne sida skal gi ein oversikt over det som skjer i dei ulike kristne organisasjonane i Gloppen.
Gud har berre eitt folk i Gloppen, og med denne kalenderen blir det kanskje litt lettare å sjå kva som går føre seg hos oss. Kanskje blir vi også flinkare til å støtte opp om arbeidet til kvarandre!

Dersom du vil bidra med å skrive på kalenderen, har haust-eller vårprogrammet klart for din organisasjon eller har hendingar som bør vere med, send ein mail!