Beklager, tekniske problem
Kalenderen, som har vore motoren i denne oversikten, blei ved eit tilfelle oversvømt av informasjon som ikkje var relatert til kristenlivet i Gloppen, og problema var ikkje enkle å rette opp. Einaste løysning var å slette kalenderen. Sidan kristenigloppen.no blei oppretta, har dei fleste kyrkjer og organisasjonar gått over frå å publisere aktivitetane berre på papir, til å bruke nettstader og sosiale media. Dermed er kanskje behovet for ei side som dette blitt noko mindre. Dersom du savnar denne oversikten, kan du kontakte Andreas Tjomsland og seie frå, så blir det gjort ei endeleg vurdering til hausten igjen.